Nettside
Vi lagar enkle nettsider som ser skikkeleg bra ut. Ikkje alle treng ein diger nettstad med ørten funksjonar, skjulte menyar og koding så komplisert at ingen tør røra han etterpå.
Bråkmakar kjem frå foto, video og produksjon. Vi veit korleis ting skal sjå ut, kjennast og fungera i verkeligheita. Difor lagar vi nettsider som er ryddige, levande og lette å bruka – for både deg og kundane dine. Vi lagar enkle, stilreine nettsider for små og mellomstore verksemder som vil framstå profesjonelle utan å gjera det unødvendig komplisert.
Pent. Enkelt. Ordentleg.
Prisar
-
Oppstart + nettside
Vi blir kjent med deg og behovet ditt, og lagar ei nettside som fungerer for deg eller bedrifta di.
Nettsida blir sett opp på ønska domene, SSL-sikra og tilpassa både mobil og skjerm. Vi leverer ei ryddig, pen og brukande løysing som er lett å halda ved like.
Treng du litt ekstra, kan me setja opp e-post, analyseverktøy, enkel nettbutikk, bookingsystem eller liknande.
Vil du sleppa å tenkja på nettsida etterpå, kan me halda ho oppdatert og gi support. Vil du heller styra sjølv, gir me opplæring slik at du kjenner deg trygg på løysinga.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat – så finn me ut om dette er rett for begge.
✺ Frå 15.000 eks mva.
✺ Månedlige kostnadar frå 399 eks mva -
Foto og video
Har du innhaldet du treng for at nettsida faktisk skal skilja seg ut?
I dagens internettlandskap er det ikkje nok å berre vera til stades – du må sjå bra ut òg.Vi veit kva som fungerer på skjerm, og lagar bilete og film som løftar nettsida, viser fram produkt og folk på ein truverdig måte, og gjer at innhaldet heng saman med uttrykket.
Dette er eit tilval for deg som vil ha ei heilskapleg løysing.
✺ Pakkepris foto frå 10.000 eks mva
✺ Pakkepris video frå 20.000 eks mva -
Design
Har du designet på plass – eller treng du hjelp til å landa uttrykket?
Vi jobbar tett med dyktige samarbeidspartnarar som kan utvikla logo, fargepalett og typografi som gir bedrifta di eit heilskapleg og truverdig uttrykk. Designet blir tilpassa både nettside og anna bruk, slik at alt heng saman og ser ordentleg ut.
Dette er eit tilval for deg som vil starta på rett fot, eller som ønskjer å rydda opp i det du allereie har.
✺ Frå 40.000 eks mva
